Wednesday, July 1, 2015

All ære til Nordfjordeid


foto: Oliver Langeland hadde eit anna syn på kven som var heltar og skurkar under krigen enn det som er rådande i leiande, politiske og juridiske krinsar, og han var ikkje redd for å tala makta midt imot, påpeikte Bjørlo. Bysten er laget av Frode Mikal Lillesund. (foto: Inger Øyre)

...Det var kritikken av Nygaardsvold-regjeringa, som gjorde at Langeland vart ein ikkje-person etter krigen. Han skreiv to bøker, om rettsoppgjeret og om den sviktande forsvarspolitikken før krigen, som førde til at han vart stilt for retten. Fleire av påstandane hans vart kjende ugyldige og bøkene inndregne av Høgsterett. Det som falt styresmaktene tyngst for brystet, var at han meinte statsminister Johan Nygaardsvold burde ha vore stilt for riksrett på grunn av sviktande krigsførebuing. Og politikarar, embetsmenn og polititenestemenn som samarbeidde med nazistane, burde ha vorte stilte for retten i staden for alle dei passive NS-medlemane som ikkje hadde gjort anna enn å vera med i Nasjonal Samling...

Avduka byste av “ikke-personen” Langeland

No comments:

Post a Comment